lørdag 30. juli 2011

Oppstart høstsesong 2011

Heisann jenter !

Det vert ingen organisert trening dei to neste vekene. Eg anbefaler likevel at alle følger egentreningsopplegget desse to vekene, slik at me møter på første trening i bra form :-)

Oppstart etter ferien (NB! Sjekk blog'en søndag 14. august - det kan kome endringar!)
Treningsstart: mandag 15. august 19.45-21.15
Seriestart: tirsdag 16. august kl. 18 (Vårtun stadion). Oppmøte seinast kl. 17.
http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=128703
Grupper som skal møte:
  • Gruppe 2: Ida H, Maria, Solveig, Tonje, Cecilie

  • Gruppe 3: Ida B, Andrea, Emilie, Estela, Nicole

  • Gruppe 4: Fredrikke, Marie WJ, Natalie, Emma, Louise


  • Meld tilbake til meg om de kan bli med eller ikkje på denne kampen - seinast fredag 12. august på sms (gjelder ALLE!).

    Då ønsker eg alle fortsatt god ferie :-)

    Helsing
    Sverre
    +47 97126790

    onsdag 13. juli 2011

    Egentrening - Danacup 2011

    Hei alle saman !

    No nærmer DanaCup 2011 seg veldig :-)
    Her er egentreningsprogrammet (sjå under) - alle bør følge denne frå og med i morgon torsdag og fram til kampstart i DanaCup. Dette er eit opplegg laga av Bård - trener for J95. I tillegg er det vanleg trening mandag og onsdag neste veke for dei som er heime (sjå høgre side i blog'en for tidspunkt). Alle som er heime skal stille på desse treningane.

    Elles må eg også i år dessverre melde forfall til cup'en. Men eg ønsker ALLE lykke til - både sportsleg og sosialt! Det vert Coach P. Følstad og Manager T. Lie som tar opplegget før, under og etter kampane. Dette kan ikkje bli anna enn veldig bra!

    Me møtes etter sommarferien til trening og spelarmøte.

    God sommar til alle !

    Helsing
    Sverre

    torsdag 7. juli 2011

    Trening torsdag 7. juli - intervalltrening

    Hei,

    Det blir intervalltrening i dag med oppmøte kl. 19 på Myra (som i fjor). Husk drikke og joggesko.
    Det tar ca 30-35 minutter. Alle som skal til DanaCup og er heime må stille :-)

    Helsing
    Sverre
    PS! Egentreningsprogram vert lagt inn på bloggen i helga - så følg med !

    søndag 3. juli 2011

    Trening fram til Dana Cup 2011

    Heisann !

    Då har vel alle tatt ein velfortent frihelg - det har vore ei kjempefin SkandiaCup - veke for laget ! :-)
    No er det DanaCup som gjelder !!

    Fram til Dana Cup (veke 30) vert det følgjande treningstider:

    Mandag: kl. 19-20
    Onsdag: kl. 18-19

    Gje beskjed vidare til lagvenninner !

    Alle skal vere klare 15 minutter før treninga starter. Alle som er heime og skal til DanaCup skal stille på treningane. Eg oppfordrar også alle andre til å stille for å vedlikehalde formen i sommar.

    I tillegg vert det 1-2 intervalltreninger i veka (ei obligatorisk :-) Eg kjem tilbake til dette. Den første vil bli på torsdag. For alle som er bortreist, skal eg sende ut eit egentreningsopplegg. Det er viktig at alle som skal til DanaCup følger denne (blir sjekka...... )

    Helsing
    Sverre og Frode
    PS! Det vil bli lagt ut bilete etc frå SkandiaCup etterkvart - følg med !

    fredag 1. juli 2011

    Avslutning av Skandia Cup 2011

    Heisann !

    Gratulerer med strålande innsats i Skandia Cup 2011 - det vart bronsemedalje !
    Utdeling av medaljer og pokal blir på Lerkendal etter A-finalen som starter kl. 13 i morgon lørdag. Alle møter 12.30 utanfor Rosenborg shop i komplett kampdrakt (rød overdel) under overtrekksdrakt (og joggesko). Me stiller i drakt ved premiutdeling. NB! Det er meldt relativt kjølig vær i morgon.

    Deretter er det sommerfest ved hytta til Jacobsen i BUVIKA kl. 1800. Sjå meir info i blog'en.

    Gje beskjed vidare til lagvenninner !

    Helsing
    Frode og Sverre