fredag 10. juni 2011

Dagens kamp - og bortedrakt

Heisann jenter !

Gratulere alle med god kamp i dag :-) Eg er spesielt godt fornøgd med dei 30 første minuttene. Då er me veldig gode: Me vinn duellane, har god pasningskvalitet og bevegelsar, og leiar veldig fortent 2-1.
Men første halvdel av 2. omgang vert ein "sliteomgang" der me jager mykje ball (taper dueller) og har problem å etablere eget spel. Me klarerer også svakt i forsvar, der ballane ofte havna i "klypa" på motstandarane. Dette vert mykje betre i siste halvdel av 2. omgong.
I dag spelte me mot eit meget godt lag med mange gode spelarar. Då aukar kravet til duellstyrke, samt me får kortare tid til å orientere oss. Me vinn fortent tilslutt 4-2.

Me har no hatt mange kampar på rad der me presterer godt; bevegelsane og pasningane sitter godt! Veldig bra jenter ! :-)

To fornøgde jenter under kampen :-)

Ein annan sak:
Det er viktig no at alle skaffar seg bortedrakt. Det kan bli ganske varmt framover, og me må unngå å spele med vester. Drakta skaffar de på Byåsenshop på Myra. Sjå tidlegare info i bloggen. Begge draktene skal ligge i bagen til kvar kamp (saman med både kunstgras og grassko)!

Helsing
Sverre
PS! Etter kampen vår mot Leinstrand/Byneset (12-0 seier), kom det ein fin kommentar frå ein våre trufaste Byåsen J96-supportere: "laget spelte så godt at det var "snarlikt" Barcelona" :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.